Kort veg frå hav til fat
Fiskemottaket til Brødrene Larsen ligg i Kalvåg i Bremanger, med rike og reine fiskefelt som næraste nabo.
Tidleg om morgonen kjem lokale sjarkfiskarar med fangsten. Fisken er såvidt innom mottaket, blir filetert, pakka eller lagt i is og køyrt ut til kundar på Vestlandet.
Poenget med kortreist mat er aktuelt som aldri før. Det sikrar kvalitetsprodukt i form av ferskast mogeleg mat og ikkje minst: sparer miljøet.
Destinasjon: Kalvåg
Tettstaden på vestlandet, nærmare fortalt i Sogn og Fjordane, er ein liten plass ved namn Kalvåg på øya Frøya i Bremanger kommune. Øya held eit samfunn på ca 600 personar i aktivitet, og dette talet stig for kvart år. Allereie frå 1860-talet var plassen ein aktiv møteplass og kvilestad for opp til so mykje som 11 000 menneskje i den hektiske fiskesesongen. Den gong sov folk ofte under snudde båtar som låg langs vasskanten før dei fortsette ferda vidare på havet etter fisk. Kalvåg var kommunesenteret i Bremanger fram til kommunesentraliseringa på midten av 1960- åra. I 1880 vart den kjende malaren Nicolay Astrup født på Kalvåg prestegard.
Svein Inge Fosse, drivar av Knutholmen, satsa sterkt på turisme, og har i dag fått eit veldig godt konsept opp på bena. Fylkeskultursjefen og fortidsminneforeininga hadde innvendingar mot riving av eldre sjøhus i det spesielle kulturhistoriske sjøhusmiljøet. Et samarbeid mellom Kalvåg Næringsbygg, fylkeskommunale og kommunale styresmakter fikk i gang Kalvåg-prosjektet. Bygdelaget, med Ove Johan Totland i spissen, førte til at ein fekk satt en standard for bevaring av sjøhusmiljøet.
Ei etablering av en museumsavdeling i Kalvåg, i samarbeid med Kystmuseet i Sogn og Fjordane vart og starta. Kalvåg-prosjektet enda opp med utforminga av en estetisk plan for bygda og denne planen har låge som grunnlag for revidering av reguleringsplanen heilt tilbake frå 1920-talet.
Kalvåg er i dag eit eineståande og gamalt sjøhusmiljø, og som per dato er beste og største vernande sjøhusmiljøet i Sogn og Fjordane. Dei fleste sjøhusa er no pussa opp og ferdig restaurert og vært for det meste brukt som overnatting for turistar, forbipasserande og i forbindelse med møtearrangement.
Det er ikkje vanskeleg å kome seg til Kalvåg. Næraste by er Florø i sør og Måløy i nord. Øya har tilgang til fastlandet via bruer og ein undersjøisk tunnel som har namnet Skatestraumtunnelen. Tunnelen er ca 1900 meter lang og rekke seg 91 meter under vassoverflata.
Om ein vil kome med ekspressbåt er det mogleg å ta den frå Bergen dagleg heilt inn til Smørhamn, som ligg 5 km frå Kalvåg. Der er det rutebussar som samsvarar med ferjer og hurtigbåtar.
Det fins ein rekke teneste og servicenæringar på øya. Det som bør nemnast er grunnskule, SFO ordning, barnehage, alders- og sjukeheim, kultursenter, spa behandling, bensinstasjon og museum. Daglegvarehandel, fiskehandel og jernvarehandel, samt bank og posttenester er det mulig å oppdrive. Kalvåg er en plass med konkurransefortrinn, dvs. at du kan reise til ein spesiell stad pga dei unike opplevingane.
Stikkord er harmoni, familievenleg, sjelero og inspirasjon.