Kvar er, kven er og kva styrar Brødrene Larsen Eftf. med?

 

Kalvåg er ein tettstad i Bremanger kommune, Sogn og Fjordane. Kalvåg ligger på søraustsida av øya Frøya, ved munningen av Frøysjøen, innløpet til Nordfjord. Der er betydelig fiskevær med fiskeomsetning og foredling som dei viktigaste ressursane. Staden er blitt ein viktig handelsstad. Det er vegforbindelse via små øyer til Bremangerlandet og derifrå vidare til fastlandet ved riksveg 616. Staden er eit populært reisemål som blir meir og meir bærekraftig for turistar og reisande. I høgsesongen kan antall innbyggerar 10 doble seg.   

 

Brødrene Larsen AS blei stifta i 1963 og ligger på Kalvøyna midt i Kalvåg. Det heile starta med at to brør, Severin og Wilhelm Larsen, stifta bedrifta. Men berre fire år seinare, altså 1967, døyde Wilhelm av hjartefeil og sonen Odd Larsen tok over drifta av selskapet. Det var den gong eit mottak for krabber og dei haldt på med oppdrett av laks, men dette arbeidet blei avslutta i slutten av 1980-tallet/ starten på 1990-tallet.

 

I 2001 tok Per Røys over styringa og drifta, og med det blei namnet på bedrifta endra til Brødrene Larsen Eftf. I 2003 blei heile bygningen som Brødrene Larsen Eftf. opphaldt seg i, totalt restaurert. Dette grunna at lokalet som dei opphaldt seg i var alt for gammalt og for å oppretthalde krava frå lovverket måtte dette gjerast. Dette var ei stor investering, og ikkje minst en stor utfordring for den nye leiaren for bedrifta som i dag har 9 faste ansatte. Brødrene Larsen Eftf. kjøpte i ettertid slakteriet Struen i Bremanger. Her arbeider det 43 menneskjer frå opp til hele 16 forskjellige nasjonar.

 

I seinare tid har bedrifta vokse og er i dag ein av Noregs største slakteri av oppdrettstorsk. Bedrifta har tidligare vært sesongbasert mellom februar og april der det store vårfisket for torsk har forgått, mens hyse, sei og breiflabb har haldt på meir eller mindre hele året. No derimot er det meir vær basert, det vil sei at så lenge det er noko lunde vær så vil produksjonen bli opprettholdt. Produkta som er å finne i varelageret til bedrifta er hovudsakleg hvitfisk i flere fasonger, som for eksempel ferskt pakka, filetert (i 2 kg og 5 kg), lett salta, bokna fisk og klippfisk.

 

Alle produkta finn du under menyen ”Produkta våre”.

 

Kalvåg anno 1860 vs 2011